2010

Årsmøtet for 2010:

Til saman 45 medlemer og andre interesserte var til stades på årsmøtet. Årsmelding og rekneskap vart samrøystes godkjende. Medlemspengane vart endra til 200 kr for hovudmedlem og 50 kr for andre medlemer i same husstand. Årsmøtet vedtok å gje 50.000 kr til Skakkesenteret.

Medlemstalet er no 249. Det er ein liten auke på 3 medlemer det siste året. Av praktiske grunnar, og for å spara porto, krev me inn medlemspengane i samband med utsending av årbøkene.

Heimesida: På årsmøtet vart det peika på at heimesida er ikkje oppdatert. Dette har me arbeidd med, men har ikkje lukkast med å få nokon til å ta på seg arbeidet med å fornya denne sida. No har Norsk Plan sagt seg villige til å gjera dette arbeidet.

Arbeidet i styret: Det har vore 6 styremøte i 2010, og me har til saman hatt 26 saker føre. På Etnemarknaden hadde me som vanleg stand saman med bygdeboknemnda. I år markerte me Olav Vik, òg me la fram bøkene hans og ein del av «biblioteket» hans. Elles baud me fram alle årbøkene og bygdebøkene på billigsal. Av sogelaget sine bøker vart det i alt selt for 3.300 kr.

Landbruksmuseum: Ei nemnd har arbeidd med å planleggja eit landbruksmuseum i Etne. Førebels har ein kome fram til at ein bør leiga ei løe som ikkje er i bruk. Der kunne ein plassera gamle jordbruksmaskinar og               -reiskapar inntil museet er kome i bruk. Sogelaget må velja ei nemnd til å ta seg av det vidare arbeidet.

Tongahuset: Arbeidet er i gang med å utbetra tilhøva i og ikring dette huset slik at det kan vera ferdig til 100-års markeringa i 2012.

Turnemnda hadde planar om tur i haust, men då tida kom, var der for lita interesse.

Lokalhistorisk seminar: Det var Etne sogelag som stod som tilskipar av det lokalhistoriske seminaret i vår. Emnet var krossferdene, med særleg vekt på krossferda til Erling Skakke. Innleiarar var to historikarar, med studium særleg retta mot mellomalderen: Jo Rune Ugulen og Geir Atle Ersland. I tillegg var det forteljestund i Stødle kyrkje, der Torgrim Mellum Stene  gav ei kunstnarisk framstilling av Erling Skakke si krossferd.

Utsendingar til årsmøtet i Hordaland sogelag

Marta og Jakob Eskeland og Dorthea Moe Aakra var utsendingar til årsmøtet i Hordaland sogelag på Askøy våren 2010.

Stønad frå Etne Sparebank: Banken vår fylte 150 i 2010. I det høvet delte dei ut raust med gåver til mange lag. Sogelaget fekk 10.000 kr til å få orden på arkivet vårt, m.a. med den store boksamlinga etter Olav Vik, og 5.000 kr til ymse arbeid i Tongahuset.

Løyvingar: Songgruppa «Rekved» fekk 5.000 kr til utgjeving av ein CD.

Årboka: Den 27. årgangen av årboka kom i rimeleg god tid før jul. Omslaget på boka var dette året grønt som i fjor. Boka inneheldt 15 artiklar og var på 92 sider. Opplaget er 900.

Etne Sogelag med fornya heimeside på nettet

No kan du gå inn på www.etnesogelag.no for å finna mykje interessant om sogelaget: segner og andre forteljingar frå Etne, årsmeldingar, vedtekter, liste over innhald i årbøkene og kva sogelaget elles arbeider med.

Styret i Etne Sogelag 2010 har vore: Einride Aakra (leiar), Annbjørg Bue (nestleiar), Karsten Lunde (kasserar), Ingolv Vevatne (skrivar) og Leif Halleland