2011

Årsmøtet for 2011:

Til saman 45 medlemer og andre interesserte var til stades på årsmøtet. Årsmelding og rekneskap vart samrøystes godkjende.
Det vart vedteke å endra vedtektene m.a. slik at det skal berre veljast éin vararepresentant til styret, og det skal berre vera to medlemer i valnemnda.
Medlemspengane vart ikkje endra: dvs. 200 kr for hovudmedlem og 50 kr for andre medlemer i same husstand.

Medlemstalet er no 257. Det er ein liten auke på 8 medlemer det siste året. Av praktiske grunnar, og for å spara porto, krev me inn medlemspengane i samband med utsending av årbøkene.

Arbeidet i styret: Det har vore 4 styremøte i 2011, og me har til saman hatt 17 saker føre. På Etnemarknaden dette året var standen vår flytt til eit utetelt. Sidan det ikkje var særleg mykje vind og regn, gjekk det bra. Me la fram alle årbøkene og bygdebøkene på billigsal. Av sogelaget sine bøker vart det i alt selt for 4161 kr.

Tongahuset: Arbeidet er i gang med å setja huset i betre stand til 100-års markeringa til  sommaren. Det er tanken at det skal murast pipe slik at ein kan få inn omn og varme i huset. Ein smal veg (ikkje bilveg) skal leggjast slik at ein kjem greitt fram til huset, og der skal setjast opp skilt som viser veg.

Løyvingar: Sogelaget løyvde 2000 kr til utgjeving av ei bok om taterliv. Utgjevaren- Hilmar Bussi Karlsen – budde ei tid på Utløemyro på Håland. Dessutan brukte me 750 kr til innkjøp av 5 eksemplar av ei bok om fiskesnøre.

Røyster som tagna: Det har vore stor spurnad etter denne boka, og det andre opplaget vart fort utselt. Me fekk då trykt opp 300 bøker i eit tredje opplag.

Årboka: Den 28. årgangen av årboka kom i rimeleg god tid før jul. Boka inneheldt 16 artiklar og var på 84 sider. Opplaget var 850.

Heimesida til Etne Sogelag : Du kan gå inn på www.etnesogelag.no for å finna mykje interessant om sogelaget: segner og andre forteljingar frå Etne, årsmeldingar, vedtekter, liste over innhald i årbøkene og kva sogelaget elles arbeider med.

Styret i Etne Sogelag 2011 har vore: Einride Aakra (leiar), Trygve Handeland (nestleiar), Karsten Lunde (kasserar), Ingolv Vevatne (skrivar) og Leif Halleland