2012

Årsmøtet for 2012:

Til saman 50  medlemer og andre interesserte var til stades  på årsmøtet. Årsmelding og rekneskap vart samrøystes godkjende.Medlemspengane vart ikkje endra, dvs. 200 kr for hovudmedlem og 50 kr for andre medlemer i same husstand.

Medlemstalet er nå  245.  Av praktiske grunnar, og for å spara porto, krev me inn medlemspengane  i samband med utsending av årbøkene.

Arbeidet i styret:  Det har vore  6 styremøte i 2012, og me har til saman hatt 22  saker føre. Nokre av styremøta har vore saman med bygdeboknemnda, og nokre av møta saman med styret for Tongahuset. På Etnemarknaden dette året hadde  sogelaget stand  nede i kulturhuset.  Det var ei grei og sentral plassering, og det vart selt bøker etc for 3800 kr, noko mindre enn året før.  Tevlinga med å tolka gamle ord og uttrykk var vellukka , og i alt deltok  37 personar.

Tongahuset: I  2012 var det 1oo år sidan Tongahuset blei oppført, og for å gjera huset og området ikring  klart til markeringa, har eit omfattande dugnadsarbeid  blitt utført.  Styret i sogelaget har saman med  husstyret fjerna tre  langs elva, slik at huset blei synleg frå vegen,  sett opp port inn til området,  lagt ein smal veg slik at det er grei tilkomst til huset, og sett opp skilt som viser veg. I tillegg har huset blitt reparert,  og det er skifta bordkledning på heile austsida. Dette arbeidet blei utført siste dagen (kvelden)  før 100-årsjubileet

Sjølve markeringa fann stad laurdag 18. august.  Rundt 100  personar møtte fram, det var opphaldsver til arrangementet var ferdig, og folk syntest å vera svært godt nøgde, ikkje minst med menyen anno 1912 med røykesild, poteter, flatbrød og surmjølk. Dette måltidet vart kosta av sogelaget. Programmet var enkelt: Ståle Dyrvik  snakte om ”Fattigdomens historie i Etne”, det var musikk ved Anita Grindheim, og alle song Kongesongen.  Alle var samde om at det hadde vore  ei vellukka markering

Løyvingar: Sogelaget løyvde 5000 kr. til arkeologistudent Therese  Nesset som skal vurdera alderen på øydegarden Hellaug ved hjelp av radiokarbondateringar. Vidare vart det løyvd 2000 kr. til Forteljefestivalen.  -Det har vore eigarskifte til grunnen der Tongahuset ligg, og sogelaget har gjeve 2000 kr. til tidlegare eigar – Tora Lye – som ei påskjøning.

Årboka: Den 29. årgangen av årboka kom i rimeleg god tid før jul. Boka inneheldt 13 artiklar og var på 71 sider. Opplaget var  800.

Lagersituasjonen: Sogelaget har lenge hatt dårlege lagringstilhøve, men nå ser det ut til at ein skal få eit tenleg lagerrom.  Saman med bygdeboknemnda har sogelaget  inngått avtale med kulturhuset om å leiga rom i den gamle skytebanen i kjellaren. Ein ivrig dugnadsgjeng er allereie i full sving med å innreia rommet.  I tillegg vil det bli eit lokalhistorisk arkiv i kulturhuset. Dette kjem i stand ved eit samarbeid mellom sogelaget, biblioteket og fylkesarkivaren.

Utsendingar til årsmøtet i Hordaland sogelag: Einride Aakra, Dorthea Moe  Aakra og Ruth Flatebø

Styret i Etne sogelag 2012 har vore: Einride Aakra (leiar) – på val 2013, Leif Halleland (nestleiar),  Trygve Handeland (skrivar) –på val 2013, Karsten Lunde (kasserar) på val 2013 , og Liv Tesdal  Mjelde (styremedlem)

Vararepresentant: Erling Vee