2013

Årsmøtet for 2013:

Til saman  53 medlemer og andre interesserte var til stades på årsmøtet. Professor Frank Aarebrot heldt eit interessant foredrag om m.a. kvinneleg røysterett og generelt om utviklinga av rettigheter i det norske samfunnet .

Årsmelding og rekneskap  vart samrøystes godkjende. Medlemspengane vart ikkje endra, dvs.  200 kr for hovudmedlem og 50 kr for andre medlemer i same husstand.

Medlemstalet er nå 248, tre fleire enn i fjor.  Av praktiske grunnar, og for å spara porto, krev me inn medlemspengane i samband med utsending av årbøkene.

Arbeidet i styret: Det har vore  4 styremøte, og me har til saman hatt 21 saker føre. Nokre av møta har vore  saman med skriftstyret for årboka eller saman med leiaren.

På Etnemarknaden dette året hadde sogelaget stand oppe ved sida av kafeen i kulturhuset. Det var m.a. utstilling av myntar som Jan Terje Rafdal hadde funne med detektor. Var ikkje noka vellukka plassering av standen, og ønskjer ein meir sentral plass neste gong. Det vart selt bøker etc. for kr 1650, ein god del mindre enn i fjor.

Løyvingar/ Gåver:

Sogelaget  gav 2 ljosestakar i tinn a kr 8.500,-  og 2 blomstervasar i tinn a kr 5.000,-  til Etne  kyrkje. Det blir ei gåve til totalverdi kr 27.000,-.

Sogelaget  løyvde og kr 2000,- til Forteljefestivalen.

Frå Etne sparebank har sogelaget fått kr 5000,- og i tillegg kr 10.000,- i samband  med  bankjubileet. (Etne sparebank 150 år)

Årboka : Den 30. årgangen av årboka kom i rimeleg god tid før jul. Boka var på 90 sider og hadde 18 artiklar. Opplaget var på 800.

Lagersituasjonen: Har nå bygt nytt lager i den gamle skytebanen i kjellaren i kulturhuset. Arbeidet er utført på dugnad. Kostnaden til materialer og utstyr blir delt mellom sogelaget og bygdeboknemnda, og  utgiftene for sogelaget blir kr 8.400,-  Det nye lageret gjer at ein omsider har fått flytta samlinga av fleire årbøker frå gamleheimen.

Lokalhistorisk arkiv: Alt er nå kome på plass i det lokalhistoriske arkivet i kulturhuset – har hatt god hjelp frå fylkesarkivet for å få det i stand. Dersom det blir oppretta ein stilling til å styra arkivet, bør sogelaget støtta økonomisk.

Utsendingar til årsmøtet i Hordaland sogelag: Bjørg og Leif Halleland

Styret i Etne sogelag 2013 har vore:

Einride Aakra  (leiar)   – på val 2014

Leif Halleland  (nestleiar)  – på val 2014

Trygve  Handeland  (skrivar)

Karsten Lunde  (kasserar)

Liv Tesdal Mjelde (styremedlem) – på val 2014

Vararepresentant:  Erling Vee  – på val 2014