2014

Årsmøtet for 2014:

Det var godt frammøte til årsmøtet, til saman 65 medlemer og andre interesserte var til stades.

Ingen hadde merknader til sakliste og innkalling. Årsmelding og rekneskap var sende ut til alle medlemene, og vart såleis ikkje lesne opp på møtet. Årsmelding og rekneskap vart samrøystes godkjende. Medlemspengane vart ikkje endra, dvs 200 kr for hovudmedlem og 50 kr for andre medlemer i same husstand. Medlemstalet er nå  248, det same som i fjor.  Av praktiske grunnar krev me inn medlemspengane i samband med utsending av årbøkene.

Arbeidet i styret: Det har vore 7 styremøte i 2014, og me har til saman hatt 21 saker føre. Sogelaget har og vore ein aktiv medspelar ved fleire arrangement. Ved jubileet for Stødle kyrkje var det kveldssete på Etne bibliotek, der historikar Egil Nysæther greidde ut om kontakten mellom Halsnøy kloster og Stødle kyrkje (Erling Skakke). Det vart servert dravle og spekemat, og tilstellinga var vellukka. Konserten med tidlegare omreisande  «Bussi» Karlsen i kulturhuset var det sogelaget som sto for, og konserten på Åkrafjordtunet dagen etter var eit samarbeidsprosjekt mellom sogelaget og «tunet».

Medlemer frå sogelaget var med og hjelpte til ved Sydvest bokfestival.

Etter initiativ frå Dag Silde har det vore to lagskveldar i haust. Den første var om «Digitalisering av bilete», og den andre om «Gamle postkort». Det er meininga å halda fram med desse kveldane. Såleis er det i februar planlagt ein kveld med tema «Slektsgransking».

Og endeleg, i desember, på ein skikkeleg surversdag, var 3 frå styret i lag med bygdeboknemnda til Ulvik for å få ei orientering om korleis lokalhistorisk arkiv kan bli organisert.

Løyvingar/gåver: Sogelaget har løyvd 5000 kr til bok om Åkrafjorden – «Glimesteinar» – skriven av Olav K. Fjæra. Til Forteljefestivalen vart det løyvd 2000 kr. Sydfest bokfestival fekk 5000 kr.

Årboka: Den 31. årgangen av årboka kom i rimeleg god tid før jul. Boka hadde mykje interessant og variert stoff over 90 sider fordelt på 19 artiklar. Opplaget var på 850.

Utsendingar: Solveig og Karsten Lunde var utsendingar til årsmøtet i Hordaland sogelag i Alversund.

Lagersituasjonen: Har nå god lagerkapasitet i kjellaren i kulturhuset, der sogelaget og bygdeboknemnda har lokale saman.

Etnemarknaden – Dette året hadde sogelaget stand nede i idrettshallen, og det var ei mykje betre og meir sentral plassering enn i fjor. Nytt av året var at ein selde bygdebøker og årbøker frå nabokommunen, og det viste seg å vera stor interesse for stoff derfrå.

Styret i Etne sogelag 2014 har vore:

Einride Aakra (leiar) – på val 2015

Dag Silde ( nestleiar) – på val 2016

Trygve Handeland (skrivar) – på val 2015

Karsten Lunde (kasserar – på val 2015

Liv Tesdal Mjelde (styremedlem) – på val 2016.

Vararepresentant: Oddvar Moe – på val 2015

Etter  at årsmelding og rekneskap var godkjende og alle val var gjennomførde hadde me matøkt med kaffi/te, smørbrød og tebrød.

  • Det var musikkinnslag ved Kjell Saltnes, Kjell Pedersen og Andreas Rosså.
  • Rasmus Sunde frå Sogndal heldt eit interessant foredrag om utvandringa til Amerika. Der fekk me høyra om førebuinga til reisa med mat og utstyr – den strabasiøse overfarten til Amerika, som ikkje alle overlevde – og arbeidet med å finna buplass og rydda jord i det nye landet. Sunde fortalde og om Fimreiteslaget i 1184, der «kongen  frå Etne» – Magnus Erlingsson – fall i kamp mot Sverre  Sigurdsson.