2015

ÅRSMELDING FOR ETNE SOGELAG 2015

 

Årsmøtet for 2015:

Det var godt frammøte,  57 medlemer og andre interesserte, mange med tilknyting til Stordalen.  Doktorgradstipendiat Therese Nesset skreiv masteroppgåve  om øydegarden på Hellaug i 2013 og fortalde særs interessant om utgravingane og oppgåva si.  Det hadde vore jordbruksdrift på Hellaug alt på 600 -700- talet, med intens aktivitet på slutten av vikingtida/byrjinga av mellomalderen. Garden var i bruk til frampå 1400 –talet, då vart han lagt øyde, dette skuldast nok ein stor del Svartedauden i kombinasjon med kaldare og våtare klima. Solveig Sørheim  og Torbjørn Reiso  underheldt med  vakker song og musikk før møtet vart avslutta.

Ingen hadde merknad til sakliste og innkalling. Årsmelding og rekneskap vart sende ut saman med årboka og vart difor ikkje opplesne. Det kom ingen merknader, både årsmelding og rekneskap vart godkjende.

Medlemspengane vart auka til 225 kr  for hovudmedlem, men uendra – 50 kr – for andre medlemer i same husstand. Medlemstalet er nå  249. Av praktiske grunnar krev me inn medlemspengane i samband med utsending av årbøkene.

Arbeidet i styret:

Det har vore 6 styremøte, og me har hatt 38 saker føre. Eitt av møta var saman med styret i Tongahuset. Karianne Lye har overtatt etter mor si, Tore I Hegerland har snakka med henne om fornying av bygselkontrakten. Avtalen er i orden, ho får 150 kr pr år i leige og årboka til sogelaget. Usendingane til årsmøtet i Hordaland sogelag på Bremnes, Jorunn Kambo og Einride Åkra møtte på eit styremøte og fortalde om det. Jostein Osnes møtte på same møtet og fortalde frå eit seminar om årboksarbeid i Sunnhordland, digitalisering og nettsider.

Arrangement:

Kulturnatt: Sogelaget hadde ansvar for kulturvandring 07.02.2015.Vidar Børretzen viste bilete på biblioteket, Karsten Lunde fortalde om meieriet, Erik Grindheim om Shell og Tormod Mo om Sæbøtunet. I februar  vart det arrangert medlemskveldar  om slektsgransking på biblioteket ved Leif Halleland og Dag Silde. Første kvelden hadde DIS frå Haugesund innføring   i søkjing på nett, andre kvelden svara dei lokale på spørsmål frå deltakarane. Stor interesse.  

Sydvest festivalen 13.- 15. 02.2015: Sogelaget har vorte medarrangør og tar nå ansvaret for kveldseta på biblioteket fredagskvelden, der årbøkene i distriktet blir presenterte. 10 påmelde lag, interessant stoff, boksal,  mykje folk og god servering.

 

Løyvingar/gåver:

Skal eg ta med godtgjersla til styre/andre for 2014, løyvd 03.02.2015? Sogelaget har løyvd 5000 kr til Lars E Lundal: På vandring – med Larsemann i Indre Etnefjell. Sydvest bokfestival fekk 7000 kr. Sogelaget fekk 10 000 frå banken som er øyremerkt lokalhistorisk arkiv.(Kom desse pengane i 2015?) Gåva til Etne kyrkje er nå på plass. Åkleet har framleis ikkje fått plass, må ha uttale frå biskopen.

 

Etnemarknaden:

Fornøgde med plasseringa, og det gjekk greitt å få folk til vaktene. Det var ein del interesse for treskomakaren frå Samnanger.

 

Årboka:

Den 32. utgåva av årboka kom, som ein del andre årbøker, ikkje tidsnok til Sydvest festivalen. Boka hadde mykje interessant og variert stoff over  92 sider fordelt på 17 artiklar. Opplaget var på 850.

 

Styret i Etne sogelag 2015 har vore:

Det vart eit par endringar  i styret i 2015.

Dag Silde    (leiar)                                

Jakob Eskeland (nestleiar)      

Trygve Handeland(skrivar til september, flytta)

Liv Tesdal Mjelde (overtok som skrivar)

Oddvar Moe (gjekk inn som medlem av styret)

Har ikkje hatt vararepr.