2016

 

Årsmelding for Etne Sogelag 2016

 

Årsmøte 2016

Årsmøtet 2016 vart halde i kafeteriaen på Kulturhuset Skakke 9. februar.  Leiar Dag Silde ønskte 69 medlemmer og andre interesserte velkomne.

Den kjende NRK-profilen og etnebuen, Sigvart Østrem, kåserte over temaet Kvifor jakta på fortida? Han tok utgangspunkt i korleis ungdomar i siste halvdel av 1950-åra tok vegen ut i arbeidslivet. Målet var å tena eigne pengar og få faste og regulerte arbeidstilhøve. Men det var også utferdstrong. Arbeidslivet som møter dei unge i dag er heilt annleis. Men sjølv om tilhøva er svært ulike, meinte Østrem at noko av det ein møtte hos ungdomane frå 50-talet, kunne koma til nytte for dei unge i dag og.

Etter at årsmelding og rekneskap, pluss val av nye medlemmer var vedtatt, var det matøkt og drøs rundt borda. Tidlegare meieristyrar, Asbjørn Leirvik, avslutta årsmøtet med sjølvskrivne og humoristiske soger på rim.

Arbeidet i styret:

Det har vore fire styremøte, pluss nokre samlingar i samband med arrangement og liknande. Sunnhordland Museum inviterte i haust sogelaget til synfaring og orientering om drift av Sæbøtunet etter eit omfattande vedlikehald og oppgradering av bygningane på tunet i 2016. Trine Kyvik frå museet oppfordra sogelaget og bygdefolket til å bruka Sæbøtunet meir. Til dømes ved Jonsok, Etnemarknaden og andre arrangement. Dei ville gjerne koma til Etne for å hjelpa til dersom det var trong for det. Eit sentralt spørsmål var parkeringstilhøva, som er blitt svært vanskelege etter omlegging av vegen. Dette må det koma ei avklaring på.

Asle Kaldheim og medlemer av styret har hatt ei stor overhaling på Tongahuset, som nå er i god stand.

Utsendingar til årsmøtet 5.-6. mars i Norheimsund var Dag Silde og Anne-Britt Grindheim. Jorunn Kambo og Johannes Kambo var utsendingar for Hordaland Sogelag.

Arrangement

Kulturnatt 6. februar: Sogelaget hadde ansvaret for vandring rundt Planteskulen med Martin Dyrseth som turleiar og god forteljar. Det var stopp i kunstnarstova Milsteltein til Aud Sigrid Flesland. Kari Vik Stuhaug las dikt frå eiga bok i løa til Lars Kjetil Flesland.

Etnemarknaden11.-14. august: Sogelaget hadde ein godt

plassert stand med godt besøk. Det var bra sal av både årbøker og bøker for kommunen. Jublieumsutgåva … til Ingvar Moe var ein bestseljar. Populært var også alle dei gamle bileta som var hengt opp på veggene. Det var også mange som stoppa opp og kikka på modellen av den gamle herregensaren frå Etne.

Tongahusdagen: Lørdag 10. september inviterte sogelaget til Tongahusdag med turrsild, poteter og flattbrød på menyen. Stein Gunnar Sandvik underheldt med svingande trekkspelmusikk. I tillegg til fleire frå styret, møtte mange andre Tongahusvener. Grannar hadde og ein utsending som fotograferte og noterte. Veret var fint og drøsen gjekk lett i den vesle stova om historien kring Tongahuset, og om eldre tider generelt.

Hans Nilsen Hauge-kveld 20. oktober: Tidlegare sokneprest i Etne, Jens Olav Mæland, fortalde om Hans Nilsen Hauge sitt liv og lagnad. Det blei og vist utdrag frå den gamle filmen om Hans Nilsen Hauge, som delvis var tatt opp i Etne, med dåverande sokneprest, Jørgen Huseklepp, som Hans Nilsen Hauge. Rundt 40 personar fylte biblioteket på ein svært vellukka kveld.

I tillegg til desse arrangementa, har sogelaget invitert til lagskveldar i biblioteket, der det mellom anna har blitt vist gamle filmar og gamle fotografi.

 

Årboka:

Den 33. utgåva av årboka kom diverre ikkje ut tidsnok til Kveldsseta i Ølen i november, der dei andre årbøkene i distriktet blei presenterte. Redaktør for årboka, Jostein Osnes og styreleiar Dag Silde møtte frå Etne Sogelag.

Styret i Etne Sogelag 2016

Dag Silde, leiar,

Jakop Eskeland, nestleiar

Aslaug Olden Mala, skrivar

Anne-Britt Grindheim, styremedlem

Liv Mjelde Tesdal, vararepresentant