Flogvitet frå Øyno

Torbjørn Øyno (1833 – 1916) – frå den inste garden i Stordalen – merkte seg tidleg ut med svært gode evner. Det var vanleg at evnerike gutar fekk vera lærar for dei andre straks dei var ferdige med skulen, og dei ville senda han på seminaret (lærarskulen). Men det var bonde Torbjørn ville vera.

Det var eit sterkt krav i tida om meir opplysning, og han las aviser og kjøpte bøker, og vart kunnskapsrik som få. I den politiske striden mellom Høgre og Venstre mot slutten av 1800-talet, stod han på den radikale sida i Venstre. Ofte deltok han i den politiske debatten med innlegg i avisene. Han var ordførar i Etne frå 1884 til 1896.

Kona hans kom frå lensmannsslekta Håland. Dei var høgrefolk, og han kom stadig i kvasse ordskifte med dei. Ein gong dei møttest på Vad, var Torbjørn så ivrig i diskusjonen at han først tok på seg éin hatt, og deretter éin til då han skulle gå ut døra.

Han fekk kjennskap til arbeidet til Ivar Aasen, og då Garborg tok til å gje ut «Fedraheimen» i 1877, kjøpte Torbjørn aksjar i bladet og tok til å skriva der på nynorsk, eller landsmål som det heitte då. Han var nok den første som skreiv nynorsk i Etne. Men i dagboka si, som han førte svært nøyaktig, skreiv han berre dansk.

Det fortel litt om denne sjølvlærde bonden at han laga manuskript til ei lærebok i astronomi og ei i elektrisitetslære. Men dei vart ikkje utgjevne. Dessutan bygde han silo lenge før nokon visste om noko som heitte silo. Det var i 1897, same året som dei bygde silo på Stend landbruksskule. Det var dei to første siloane i Hordaland.