Han som såg «hinmannen»

Dei første syklane kom først på 1900-talet, og det vart stadig fleire under den første verdskrigen og i 1920-åra. Etter kvart vart sykkelen nokså vanleg å sjå langs vegane i bygdene våre.

Men det første møtet med dette framkomstmiddelet kunne verka sjokkerande på somme, særleg når dei på avstand ikkje greidde å skilja mannen frå sykkelen og såg på det heile som eit «spetakkel» som tok seg fram på vegen i god fart.

Det vert fortalt at ein kar frå Taraldsøyno var ute i båten sin då han for første gong såg ein syklist fara forbi på vegen. Maken til skapning hadde han aldri sett, – og så den farten! Forfærd og vitskremd fossrodde han heim og ropte andpusten at han hadde sett «hinmannen», og sprang vidare og gøymde seg på nordsida av øya.