Haugianarane

I Europa vart det på slutten av 1700-talet gjort store framsteg på alle felt i kulturlivet, ikkje minst i naturvitskapen. Presten i det gamle bygdesamfunnet var ein av dei få som hadde opplysning nok til å følgja med i dette og bli påverka av dei nye straumane. Mange prestar fekk etter kvart ei optimistisk tru på fornuft, opplysning og framsteg, og preikene deira vart sterkt merkte av dette. «Potetprestar» vart dei kalla.

Det var desse prestane og denne «forkynninga» Hans Nielsen Hauge (1771 – 1824) tok opp kampen imot. Haugianarane tykte det vart for mykje materialisme og «turre tider på Herrens kyrkjemark».

Etter dei haugianske ideala skulle folk frykta Gud og vera trugne, flittige og nøysame. Hauge hadde sjølv slege fast at «vi skal ved Arbeide beredes til et evigt Liv». Med eit slikt livssyn vart mange haugianarar velståande, men det var imot religionen å bruka meir av overskotet på seg sjølv enn det aller mest nødvendige.

Dei levde såleis svært nøkternt og kledde seg grått og enkelt. Pynt og stas var usømeleg. Visse ytre handlingar kunne dei leggja stor vekt på. Kortspel og dans var synd, ja, jamvel plystring kunne vera eit signal om ei lettsindig livsførsle. Dei mest ihuga kunne til og med kritisera kvarandre for altfor rak og oppreist haldning når dei gjekk etter vegen.

Haugerørsla greip sterkt om seg mellom vanlege folk, og særleg på Vestlandet fekk ho mange tilhengjarar. Det varte ikkje lenge før ho fekk sine greiner i Etne òg. Det var først og fremst i Stordalen ho slo til.

Den mest kjende haugianaren i våre bygder var Osmund Vinja (1793 – 1866). I ungdomen var han ein sprek og lettliva kar. Dei dansa ofte på kyrkjebakken etter preika den tid. Her merkte Osmund seg ut med rundkast så dei såg skorne hans over hovudet på dei som stod omkring.

Etter at han vart omvend, ville han ikkje vita meir av det lette livet. Men folk visste kor lettliva han hadde vore, og ein søndag han kom inn kyrkjegrinda på Grindheim, strauk spelemannen opp ein kåt springar. «Kjenner du den, Usmon’?» spurde han. «Ja, eg ha’ kjent han,» svara Osmund stilt. I Stordalen lever eit merkeleg ord etter Osmund. Det var då 14 kyr frå Vinja fór utføre i Fetafossen og låg og flaut på Hellaugvatnet då stølsjentene kom opp og skulle mjølka. Osmund åtte 10 av desse kyrne. Då borna kom heim og bar seg over det som hadde hendt, sa han berre lunt og mildt: «Eg åtte ikkje noko i dei. Herren gav, Herren tok, Herrens namn vere lova! Det var godt at det ikkje var de bodn!»

Kjelde: Svein Ivar Langhelle: «Det religiøst-kulturelle hegemoniskiftet i Nord-Rogaland 1820 – 1850» og Årbok for Etne Sogelag 1986: «Haugianarar i Etne» v/Ingolv Vevatne