Hundar i kyrkja

Hunden har følgt menneska gjennom fleire tusen år. Han var både vaktar og gjetar; han var utan band og følgde folket sitt over alt. Jamvel til kyrkje var han med!

Men når hundane møttest i kyrkja, kunne det bli leven. Det hende nok at dei knurra til kvarandre og rauk saman i slagsmål.

Trygve Vinje har fortalt følgjande frå Grindheimskyrkja:
Ein laurdagskveld hadde Samuel Håheim (1698 – 1770) skote ein bjørn rett ovanfor tunet på garden. Han let bjørnen liggja der, og då folk på kyrkjeveg dagen etter fann bjørnen, måtte dei sjå litt nærare på han, og hundane måtte òg nugga borti han.
Men då dei kom fram til kyrkja vart det eit frykteleg leven. Dei andre hundane kjende lukta av bjørn og sette i å gøy så folk kunne ikkje høyra mannemål. Levenet ville ikkje ta ende. Til slutt greidde presten å ropa ut: «Anten må hundane ut, eller så må me ut!»
Det er ukjent i dag korleis dei løyste problemet.

Irritasjonen over desse «kyrkjehundane» vart i 1885 så stor at presten og lensmannen sende eit brev til heradsstyret og bad dei «fastsætte en passende Mulgt for hver, som herefter medtager Hunde til Gudstjænesten og saaledes opretholder dette forstyrrende og forargelige Uvæsen».

Saka gjekk til Amtmannen som slo fast at heradsstyret kunne ikkje diktera mulkt i dette høvet. Truleg tok folk til å skjøna etter kvart at hundane fekk halda seg ute under gudstenesta.