Komlekastet

I området mellom Øyno og Øyfjellet ligg Sauahaugen. Det går ei segn om holmen i elva der:
Brita var budeie og støla på Sauahaugen. Ein uvêrsdag laut ho utpå holmen etter nokre kyr. Medan ho bala med dette, hadde elva auka så mykje at Brita våga ikkje å vassa over att. Uvêret varte, og der vart ho ståande. Dei som var med henne på stølen, skunda seg heim til Øyno og ville få tak i hjelp. Det tok tid å få nok folk, tau og stigar. Det var drygt å venta for Brita som sat på holmen i uvêret. Kona i Øyno tok komlegryta or omnen og sende ein sprek kar til fjells med henne, vel innpakka. Så stod han på land og hivde komler ut til Brita. Ho tok imot og vart både varm og mett. Holmen heiter Britaholmen, og det smale gjelet i elva heiter Komlekastet.