Lensmannsmordet 1721

Den 1. april 1721 vart det halde ting på Kjellasvik i Ølen for Fjelberg og Etne skipreider. Frå Etne møtte lensmannen Sakarias Eriksson Silda og ein del bønder, og dessutan hadde soknepresten Johan Koren og to offiserar, kompanisjefen kaptein Øxendorf og capitaine des armes Christen Mørck reist over til Ølen for å oververa tinget.

Straks tingseta var til endes, drog folket heim; berre lensmannen var att hjå futen Oluf Larsen for å ordna nokre papir. Neste morgon var dei ferdige med gjeremåla sine, og den 44 år gamle lensmannen frå Etne tok avskil, «frisk og sund og vilde hiem», skreiv futen seinare. Han fekk skyss med gjestgjevaren frå Gjerde, Otte Nilsson Auastad.

Ved 2-tida om ettermiddagen den 2. april var dei framme ved Gjerdssjøen. Lensmannen slo fylgje med Otte opp i garden, for han skulle snakka nokre ord med kremmaren Jakob Bjørnsson som budde der, og tenkte han like godt kunne ordna det før han drog heim til Silda. Det var ingen heime hjå kremmaren, så dei sette seg ned og venta. Lenge varte det ikkje før dei høyrde høgmælt prat utanfor, og kremmaren steig inn med Lars Olsson Onstein og capitaine des armes Christen Mørck i hælane. Dei kom frå huset åt Mørck, og Lars Onstein og Mørck var godt drukne. Straks etter fekk dei også lag av Knut Larsson Brøllom og Nils Flåto.

Alle slo dei seg ned ved bordet, og kremmaren sette fram øl. Røda gjekk. Lars fortalde at Mørck hadde betalt han den halve riksdalaren han skulda, og som Mørck hadde vore stemnd for til tinget i Ølen. Lensmannen svara at han var glad for å høyra det, for slike småting var ikkje noko å plaga retten med i utrengsmål. Men Mørck bar agg i seg for denne saka. Han var liten av vokster samanlikna med lensmannen og dei andre. Når han sat i benken, som no, syntest ikkje uniformesbuksene eingong, og jakka hadde han kasta heime hjå seg. Han vende det brunleitte andletet sitt mot lensmannen, og dei kolsvarte hårlokkane hans skalv då han sa: «Kom du med den kua du skuldar meg!» Lensmannen svara roleg at han var lova nokre kyr av Otte Auastad med det første, og han ville ta Mørck i handa på at han skulle få ei av dei. No kom Lars Onstein med nokre sleivete ord som gjorde den vesle offiseren rasande. Han treiv tobakksdåsen sin og gav Lars fleire slag i hovudet. I det same steig kompanisjefen Øxendorf inn. Han feste augo på Mørck og irettesette han for å gå ikring utan jakke. Så bad han underoffiseren oppføra seg som folk, og gjekk ut att. Lars Onstein lo, men då fauk Mørck på han og sende han ut døra. Sjølv sprang han heim til seg, drog på seg uniformsjakka og spente på seg kården. Ein augneblink etter stod han i stova åt kremmaren att. Dei fem karane sat enno og humra, men dei vart snart alvorlege då Mørck med ilsk røyst og handa på kården bad lensmannen bli med seg ut på bakken. Lensmannen avslo. Med eitt vart det stilt. Jakob, Otte, Knut og Nils tok til å vri uroleg på seg, og til sist smaug dei seg ut og overlet til offiseren og lensmannen å gjera opp seg imellom.

Sidan visste ingen rett kva som hende i stova. Dei høyrde høge rop og ståk. Då dei langt om lenge glytte inn døra, stod lensmannen halla mot bordet. Han var stukken tvers gjennom magen, og det var banesår. Ein augneblink etterpå seig han ihop og var død. Utanom lensmannen var stova tom. Drapsmannen hadde rømt.

Dei halvfulle bøndene trakka forfærde omkring og visste med det same ikkje kva dei skulle gjera. Dei fekk auga på Christen Mørck som smatt mellom husa, men sette ikkje etter han. Omsider henta dei kompanisjefen Øxendorf. Dette var i 4-tida om ettermiddagen. Han fekk tak i to av underoffiserane sine og godt 30 av soldatane i bygda. I kveldinga drog ein av offiserane med nokre karar utover fjorden i båt, medan den andre med 30 mann tok til å leita etter vegen som førde sør over fjellet til Vikadal. Men dei fann ikkje den uniformskledde mordaren med den blodige kården.

Det viset seg seinare at han hadde teke vegen over Romsa, der han hadde vore nokre dagar før han fór vidare derifrå. Dei fekk aldri tak i han.

Frå «Etnesoga» bd. II v/Ståle Dyrvik