Religiøs og politisk strid for hundre år sidan

Frå 1889 til 1904 var I. C. Wicklund prest i Etne. Det var ei sterk brytningstid både politisk og religiøst. Haugianarane hadde fått makt over kristenlivet i bygda, og såg med uro på soknepresten som sikkert rekna seg som grundvigianar. Dessutan var det ein hard politisk strid mellom Venstre og Høgre. Venstre arbeidde for lausriving frå Sverige, for det norsk målet – landsmålet, for utviding av røysteretten m.m. Til og med kvinner burde få røysterett! Slike tankar vart rekna for svært radikale, og dei politiske motsetningane i bygda har knapt vore sterkare nokon gong. Soknepresten markerte at han hadde sans for dei radikale ideane, og på den måten fekk han vanskar med dei som var konservative politisk òg.

Dessutan samla han ungdom til leik og moro i prestegarden søndagskveldane. Men haugianarane såg på dette som ei oppmoding til å leva eit lettsindig liv i synd.

Elles møttest ungdomen på ”kyrkjebakken” etter kyrkjetid. Her var det gjerne ein spelemann slik at det vart litt dans og moro. Laurdagskveldane sommarstid hende det at dei møttest i ”svingen” til dans. Det kunne vera i Mossvingen, i svingen inne i Fjøsnavika eller ein annan stad der vegen var litt brei. Her var det rom til å svinga seg.

Og sidan dei dansa til felemusikk, såg haugianarane på fela som eit farleg instrument. Ja, somme trudde at djevelen budde i fela sidan folk vart så ustyrlege av musikken.

Ein fin sommardag var det kvinneforeining i prestegarden. Sidan vêret var så fint, sat dei ute i hagen. Prestefamilien var svært musikalsk, og då dei skulle syngja, gjekk Wicklund inn i huset for å henta gitaren. Eit slikt instrument hadde dei visst ikkje sett i Etne før, og då presten kom ut med gitaren i handa, var det ei av konene som svima av. Dei sprang etter vatn til henne, og då ho kråna til, kom eit forskrekka spørsmål frå henne: «Va’ de’ ei fela!»

Kjelde: Aksel Wicklund (f. 1881)