Tidleg dåp var viktig

Folk hadde den tru frå gamalt at nyfødde born skulle døypast så snart som råd, og helst første preikedag etter ein fødsel. Det gamle ordet i bygdene våre for dåp var skirsla. Dvs. borna skulle reinsast. Dei var liksom heidningar før dei vart døypte. At det første håret barnet hadde, vart kalla heidnahår, er òg eit vitnemål om det.

Eit barn frå Vinja i Etne skulle døypast første søndag etter fødselen. Det var i februar månad 1824, og barnet var berre to dagar gamalt. Truleg var det meinsis på Stordalsvatnet slik at dei kunne ikkje koma fram til kyrkja på Grindheim. Så sterk var trua på at barnet måtte «kristnast» straks, at dei sette seg føre å fara til kyrkja i Åkra.
Det var ruskevêr og sterk vind på fjorden, og medan dei var i kyrkja, auka vinden på. Men dei hadde ikkje noko val. Dei måtte heim over fjorden. Nordavinden kan vera stygg langs Sævareidlandet, og her gjekk båten ned. Barnet med foreldre og fadrar – i alt ni personar – drukna.

Her er ei skrøne som òg vitnar om kor viktig det var å få barnet døypt straks: Eit ungt par var på veg til kyrkja for å døypa det nyfødde barnet sitt. Til vanleg rodde dei over fjorden, men no låg det is, og dei gjekk isen. Men så kom dei til ei råk, og det kunne vera vanskeleg å koma over. Då sa mannen: «Eg prøve’ å hoppa øve, og kjeme’ eg øve, så hive’ du badne’ itte meg. Og så går eg te kjørkjo og døype’ de’. Men kjeme’ eg ikkje øve, så får du gå himitte me’ badne’».