Bulldosarkulturen i Etne

Våren 2001 vart det kjent at Etne kommune hadde arbeidd ut planar for å ta ut store delar av Sørheim og Austrheim som grus.

Trykk inne i biletet for å sjå kartet i ein større målestokk.

Trykk inne i biletet for å sjå kartet i ein større målestokk.

I første omgang var det tanken å ta ut 97 dekar av arealet, men både sogelaget og bygdefolk elles reagerte sterkt på dette, og i ein aksjon vart det på få timar samla inn 277 underskrifter mot desse planane. Kommunestyret køyrde likevel ei hard linje, og til slutt måtte Miljøverndepartementet ta avgjerda.

Her er sogelaget sitt syn på saka:

Grove innhogg i kulturlandskapet – rasering av fornminne

Stødle-Sørheim-Austrheim-platået inneheld enorme mengder sand og grus. For om lag 50 år sidan sette ein i gang grusuttak frå bròtkanten ovanfor der Victor Børretzen bygde hus seinare. Her var ein markert terrassekant som gjekk vidare sør for kyrkja. Berre Kyrkjedalen, som går opp mot kyrkjegarden i dag, braut denne lina. På nordsida av denne dalen var det før ein markert haug – Bogahaugen – tydeleg ein gravhaug. Her gjekk ein inn og tok ut grus. Det vart etter kvart eit stort «sår» rett mot bygda. Fornminna langs terrassekanten bortover mot hovdingsetet til Erling og Magnus vart øydelagde. Ingen spurde om lov til å gjera dette.

Seinare gjorde ein likeeins på Sørheim. Her òg – rett mot bygda – gjorde ein eit stort innhogg i terrassen. Gravhaugar langs kanten vart raserte etter kvart. Ingen spurde om lov til å setja i gang, men dei siste åra fekk arkeologar undersøkt gravhaugane før dei vart fjerna.

På denne måten vart eit særmerke i Etnebygda – den markerte lina langs heile Stødle-Sørheim-platået – broten.

«Jordi er heilag kvar helst som me trør»,

skreiv Ingebret Paulsen i Etnesongen. Om han då tenkte på alle fornminna i Etne, skal vera usagt. I alle fall er bygda vår svært rik på fornminne frå ulike tider – helleristningar, gravhaugar, bygdeborger m.m.

Men i staden for å sjå at alle vitnemåla om ei stor fortid har ein verdi som aldri vil bli borte, er mange meir opptekne av at fornminna er så talrike at dei vert eit hinder for å ta ut og bruka opp naturressursane i dag. Det gjeld også folk ein skulle venta seg meir av – kommunestyremedlemer og -administrasjon. Samanlikna med andre kommunar i Hordaland fylke, har Etne merkt seg ut med større motvilje andsynes verneinteressene.

Frå rasering langs terrassekantane til djupe innhogg

Etter sterkt påtrykk frå kommunale styresmakter har Miljøverndepartementet gjeve løyve til å ta ut meir grus i austre delen av Stødle/Sørheim/Austrheim-platået. Det gjeld eit areal som er 44 dekar stort og om lag 35 meter djupt.

Når Etne Sogelag – saman med Reiselivslaget og Naturvernforbundet i Etne – stod så hardt imot vidare uttak midt i bygda vår, så var det ikkje først og fremst pga. kjende fornminne i det aktuelle området. Det var fordi dette innhogget gjekk langt inn i platået.

Til denne tid har ein stort sett teke grus frå terrassekantane, men no har ein altså fått løyve til å gå djupare inn. Me ser på dette som eit løyve til å «spretta kaka». Om 8 – 10 år kjem det truleg nye krav om meir grus. Sanddrifta stoppar ikkje av seg sjølv!

Lite framtidsretta

Sandsaka hadde nok fått ei anna løysing dersom ikkje Etne kommunestyre med stort fleirtal – berre éi røyst imot – hadde støtta planane om vidare uttak. Det er vanskeleg for departementet å gå imot eit lokalt vedtak som er bortimot samrøystes.

Ein gong i framtida (kanskje alt om 8 år) har dei teke ut den grusen dei fekk løyve til å ta i 2001.

Skal dei stoppa der og forlata eit skjemmande sår, som vert ståande inn i platået i all framtid ? – Eller skal ein sjå det slik at no er «kaka sprett», og alt ligg klart for å ta eit «glefs» til ? – Området vert ikkje nemnande styggare av den grunn. «Dreg du den, så dreg du den», og slik kan store delar av platået bli borte. Somme har fleipa med at dei ser fram til å sjå Håfossen frå Etnesjøen.

Anke i sandsaka

Før Miljøverndepartementet endeleg skulle ta ei avgjerd i saka, vart følgjande anke send:

Miljøverndepartementet
Postboks 8013.
0030 OSLO

SANDSAKA I ETNE

Vi viser til synfaring og møte om sandsaka i Etne, onsdag 4. juli.
Ut frå vårt perspektiv er det heilt avgjerande for vern av landskap og kultur at departementet har høve til å overstyra kommunane i enkelte saker. Denne saka peikar seg ut fordi:

  1. Kommunedelplan for sand- og grusressursane i Etne var svært omfattande og skisserte eit mogeleg uttak av store delar av Austrheim og mest heile Sørheim. På same tid vart det lagt fram ein reguleringsplan der ein i første omgang skulle ta ut 97 dekar i dette området. Det vekte sterke reaksjonar i bygda, og 277 underskrifter mot denne planen vart samla inn på nokre få timar. Etter riksantikvaren si motsegn vart uttaket redusert til 44 dekar, men ein går djupt inn i terrassen og det vert starten på eit nytt område.
    Det er det same som å «spretta kaka», og det vert inga naturleg avslutning.
  2. Dersom den aktuelle planen no vert godkjend, har ein om 8 – 10 år det same problemet som i dag: Krav om meir grus. Når platået er opna, er det lagleg å gå vidare. Denne verksemda stoppar ikkje av seg sjølv.
  3. At Stødle-Sørheim-Austrheim-platået er særleg rikt på fornminne, må vega tungt i vurderinga: Her ligg tusenårsstaden i Etne kommune, med stort helleristningsfelt, mange gravhaugar, hovdinggard frå mellomalderen og ei kyrkje frå same tid.
  4. Terrasseformasjonane i Etne ligg sentralt til og er eit særmerke for denne bygda. Dersom den aktuelle planen vert godkjend, legg ein opp til ei utvikling der landskapet etter kvart kan verta omforma til kunstige skråningar opp frå elvane. Tida er inne til å føreta ei totalvurdering av sandressursane i Etne før det blir gjeve løyve til fleire uttak.
  5. Næringslivet har øvd sterkt press i saka. Åsbø Sanddrift har mobilisert store ressursar for å vinna fram. Bedrifta har berre 5 arbeidsplassar. Vidareforedlingsbedrifter har gjeve feilaktig inntrykk av at mange fleire arbeidsplassar er i fare.
  6. Ein kan ikkje venta at lokalbefolkninga, anten det er grunneigarar eller politikarar, utan vidare gjev avkall på utsikt til inntekter og tek dette viktige ansvaret for framtida. Små forhold i ei lita bygd, der alle kjenner alle, spelar også inn.

Dessutan meiner vi det er gjort faktiske feil i sakshandsaminga. Vi har juridisk bistand som har vore i kontakt med Sivilombodsmannen. Saka vert oversend dit med det første.

 

Etne, 17. juli 2001

 

Etne Sogelag

Naturvernforbundet i Etne

Etne reiselivslag