FRAMLEGG TIL TUSENÅRSSTAD

Etne sogelag sende 28. oktober 1999 følgjande skriv til Etne kommune v/Tusenårsnemnda:

Framlegg til tusenårsstad i Etne

Etne sogelag vil be Etne kommunestyre gjera vedtak om at Stødleterrassen – nærare bestemt: eit område i Stødlesvingen – vert tusenårsstad i Etne kommune.

Utanom sogelaget, har følgjande lag og organisasjonar støtta dette ynsket:
Etne mållag, Ungdomslaget «Fram», Etne folkeakademi, Etne bondekvinnelag, Sørbygda husmorlag, Gjerdesjøen kvinnelag, Etne KFUM/KFUK, Etne sokneråd, Etne bonde- og småbrukarlag, Etne pensjonistlag og IF Klypetussen.

Vi har følgjande grunnar til å velja ut nettopp denne staden:
Her er ein kongsgard frå mellomalderen, der Erling Skakke og sonen hans, kong Magnus Erlingsson, voks opp. Like attmed ligg kyrkja Erling bygde som huskapell for stormannsslekta på Studla.
Helgaberg og alle gravhaugane og funna i området vitnar om at dette er ein gamal kultstad og alt tyder på ein ubroten samanheng gjennom fleire tusen år. Kultstaden låg gjerne på den største garden og vart som eit «sentrum» i grenda eller bygda. Det er fleire tusen år mellom Helgaberg og Stødlekyrkja og dei vitnar om ein overgang frå heidendom til kristendom.

Når vi går så sterkt inn for at Etne bør velja ein tusenårsstad som knyter oss til vår gamle soge, så er det fordi ikkje noko bygd i Hordaland har så rike fornminne som Etne. Men til denne tid har vi gjort altfor lite ut av det.
Det er no på tide å ta eit tak på dette området, og ingenting ville høva betre enn å velja den gamle kongsgarden på Stødle som tusenårsstad i Etne kommune.
Slik stoda er i Etne, må vi sjå på fortida vår som ein ressurs som i framtida kan nyttast ut m. a. i samband med turisme og reiseliv.

Kva vi ser for oss:
I eit kulturminnesenter på Stødle kunne vi presentera vår historie gjennom ulike tidbolkar ved utstillingar av funn, tablå, illustrasjonar og bilete, litteratur og brosjyrar m.m. Her kan publikum få kjennskap til heile kommunen vår både i fortid og notid. Det gjeld både Skånevik, Åkerfjorden og Stordalen, og fjellområda våre.
Her kan leggjast stiar til dei nære områda på Stødle: Helgaberg, kyrkja og gravhaugar; og brosjyrar/litteratur og bilete kan gje opplysning om det som kan vera av interesse å sjå/oppleva elles i kommunen. Dessutan er det eit framifrå fint utsyn over ei vakker bygd frå Stødlebròtet.

Kva må gjerast no ? –
I første omgang må kommunen få hand om området slik at den statlege løyvinga til tusenårsstad går til dette føremålet. Vidare bør det opprettast ei stifting som står for utvikling og drift av eit informasjonssenter. Det vil vera naturleg at Etne sogelag er med i ei slik stifting.

Vi reknar med hjelp til planlegging og utforming av eit slikt kulturminnesenter frå Hordaland fylke v/ fylkeskonservator, likeins frå Universitetet i Bergen v/ Historisk Museum. Til reising av nødvendige bygningar reknar vi med økonomisk støtte frå fylkeskommunen og Norsk Kulturråd. (Viser til vedlagt skriv frå fylkeskultursjef/fylkeskonservator). Elles ser vi for oss at ein stor del av det praktiske arbeidet med bygging og utforming av grunnen omkring må gjerast på dugnad.

Etne, 28. oktober 1999

Etne sogelag

 

 

Sten Valen
(leiar)

Ingolv Vevatne
(skrivar)